Dikt i november

Det begynner å haste hvis vi skal rekke et dikt for november. Et søk på verdensveven endte med at vi valgte et dikt av Tor Jonsson.

På draumegras

Eg ligg på draumegras i avferdsange
frå alt ei frostnatt femnde mellom fjell.
I siste skøyre seinhausttimen er det mange
som helsar livet med eit stilt farvel.

Du vilje som var med da isen slipa
si strenge rune i det mørke land,
du sveiper inn i sky den siste haustsolstripa
og knuser gleda med ei knokut hand.

Du frøyser blomeblod til småe stjerner,
 du svarte lagnad, – slikt skal evig skje.
Du strålar kulde inn i alle strå og kjerner
og døyver verk i sår på gamle tre.

Det lyser gulna lauv som glør i graset.
Det doggast over livsens svik og svir.
Mot himmelranda logar fjell i haustekstase.
Det blånar frost og død frå det som blir –

Eg ligg på draumegras og ser dei mørke dagar
i sprang for livet mot ein mektig vår.
Eg høyrer sevjesus ein stad og ser det svagar
ei blomegrein der guden går og går –

Tor Jonsson 

Fra Dikt i samling, Noregs boklag, 1967

torjonsson.no leser vi: Han er ein av våre mest lesne lyrikarar. Nye og gamle lesarar finn meining, trøyst og glede i orda hans. Dikta og tekstane blir trykte i stadig nye opplag. Kva er det med Tor Jonsson? Forfattaren som vrengde sjela si for at vi andre skal kunne sjå oss sjølve litt betre. Husmannssonen som kjempa mot urett og undertrykking, men også med seg sjølv. 34 år gamal tok han sitt eige liv.