Dikt for dagen

I januar var det 70 år siden Tor Jonsson døde. Lyrikeren og journalisten var født i Lom i Gudbrandsdalen og hadde en tung oppvekst i fattigdom. Han er mest kjent for dikt og essays.

nettstedet torjonsson.no leser vi  at han  «vokste opp i tronge kår, og var kritisk til samfunnet han var ein del av. Jonsson var en applaudert lyriker i samtida, og  diktene hans er like aktuelle og universelle den dag i dag. Han sette ord på kjærleiken, og han sette ord på det å kjenne seg utanfor, sosialt isolert og einsam. Som 35-åring tok Jonsson sitt eige liv.» Samlaget har i samarbeid med Tor Jonsson-laget gitt ut en ny diktsamling i år, med tittel «Nærast er du når du er borte», den første strofen i det kanskje mest kjente diktet som er tonesatt av Ivar Frønes:

Nærast er du når du er borte,
noko blir borte når du er nær,
dette kallar eg kjærliek,
eg veit ikkje kva det er.

Men på dene vakre vinterdagen gir vi deg diktet:

Kven skal eg takke

Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
og vera og vera –

Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
Skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.

Det bleka mot blånar
i nattsvarte brunn,
men takken låg blodlaus
som bøn i min munn.
Kven er du, gjevar?
Kvi teier du still?
Di ordløyse fører
ein vantru vill.

Du namnlause gjevar,
eg finn ikkje fred
før eg kan takke
for alt som laut skje –
Men kjem du kje nær meg
så takkar eg henne
du gav meg for det eg
skal brenne og brenne –

Tor Jonsson
Fra Kvite fuglar – Dikt i utvalg ved Otto Hageberg 1978