19. desember

Ingen kalender uten reinsdyr. Sangen «Rudolph, the Red-Nosed Reindeer» er skrevet av Johnny Marks, basert på historien om Rudolph, publisert av Montgomery Ward Company.

Kilden vår er Wikipedia – denne gangen på nynorsk!: «I 1939 skapte svogeren til Marks, Robert L. May, Rudolph for Montgomery Ward og Marks valte å skrive ein song om Rudolph. Marks var ein radioprodusent som skreiv fleire andre populære julesongar.[2]

Songen hadde opphavleg ein introduksjon, som nemnte namna på dei åtte reinsdyra:

«You know Dasher and Dancer and Prancer and Vixen,
Comet and Cupid and Donner and Blitzen,
But do you recall
The most famous reindeer of all?»

Songen vart sungen av Harry Brannon på radio i New York City tidleg i november 1949, før Gene Autry spelte inn den store hitversjonen av songen jula 1949. Denne nådde toppen av singellista. Versjonen til Autry er òg den einaste songen som har lagt på toppen av singellista ei veke og så falt heilt ut av lista veka etter.[3]

Songen vart òg framført den 6. desember 1949 på radiosendinga Fibber McGee and Molly av Teeny (Marion Jordan si jenterolle) og vokalgruppa The Kingsmen. Teksten varierte stort frå Autry-versjonen.

Autry si innspeling selde 1,75 millionar eksemplar den første jula og selde etter kvart totalt 12,5 millionar eksemplar. I lag med andre versjonar har salstala for songen overstige 150 millionar eksemplar, berre bak Bing Crosby sin «White Christmas».

Det er en hel hærskare av folk som har spilt inn sangen om Rudolph. Her er den med Lynyrd Skynyrd. Enjoy!